Meny: Hjem - Historie - Spillere - Kamper - Nyhetsarkiv - Forum - Bilder - Kontakt Oss - Gjestebok - Logg inn

Bli med OSS til VOSS!
Dato: 2019-04-07
Forfatter: Erik Dahm Rise
Nyhet: Nei, eg klarar knapt å tru det sjølv!

Allereie i fyste seriekamp, reiser me på tysdag austover til staden kjend for fårepølse, smalahovuder, Vossa cup og meir til, nemleg Voss.

Kampstart er satt til kl 19, noko som betyr at me gjerne bør køyre ikkje seinare enn kl 17. Nytt av året er at me skal prøve å komme tidsnok til kampane, og ein får vel knapt ein større utfordring enn denne. Me er likevel sterke i troen på at me skal lykkast!

Laget me skal møte er Ørnar, og heime på Skulestadmo Idrettsplass står forventningane i taket etter ei heller svak fjorårsesong. Dei av oss med lokalkunnskap om Voss, veit at denne banen ligg ikkje langt frå Bavallen. Me køyrer rett og slett bare litt videre forbi innkøyrselen dit, før me vil kunne se ei Prix-butikk på høgre side av vegen. Ta til høgre rett før denne, til venstre ved eit skilt "Idrettsplass", og vips opnar det seg opp ei snerten kunstgrasbane som blir arena for kvelden.

Me ønskjar spelarar og publikum hjerteleg velkomen til ein ny og forhåpentlegvis (om muleg) enda meir suksessrik sesong.

Blått i sør!
Copyright © 2005 Bergen Sør FK