Meny: Hjem - Historie - Spillere - Kamper - Nyhetsarkiv - Forum - Bilder - Kontakt Oss - Gjestebok - Logg inn

Lukt av magi da vi malte Voss blå
Dato: 2004-05-07
Forfatter: Erik Dahm Rise
Nyhet: For å utvise min ytterste respekt for det norske språks dialekter og finurligheter, vil dette referatet bli nedtegnet på nynorsk.

Sjølv etter ei vinter utan særleg med trening, var stemninga høy då me denne regntunge tysdagen venda nasen austover mot staden med det for anledningen speilblanke Vossavatnet, spektakulære Voss kyrkje og ikkje minst dei gjestmilde vossingane. Som nemnd i meldinga forut kampen, var målet å komme tidsnok til kampen, noe enkelte av oss, grunna mykje kaos, diverre ikkje klarte. Kampstart vart difor flytta til 1915, og nokon minuttar etter dette, kunne den hyggelege dommaren blåse kampen i gang på fagre Skulestadmo Idrettsplass, den einaste kunstgressarenaen i Noreg med både 11er, 7er, 5er og tennisbane. På Voss veit ein kva ein vil ha!

Det viste seg å bli en nokså jevn batalje på det grøne kunstgraset noken hundre meter nedenfor fargerike Bavallen. Ørnar hadde tydelege intensjonar om å glede dei mange fremmøtte, og var mange ganger farleg frempå. Forløsende var det då guten med dei kompromissløse taklingane, Daniel, iskaldt satt inn leiermålet bak ei forfjamsa keeper hjå heimelaget.

Andre omgang blei i likhet med den fyste ei jevnspilt affære. Jubelen stod følgjeleg i taket då Daniel doblet leiinga til 2-0 midt i omgangen. Ørnar fortsatte å slite med avsluntingane, og det heile ebbet ut med tre viktige bortepoeng i seriepremieren.

Ørnar - Bergen Sør 0-2 (0-1)
Skulestadmo Idrettsplass

0-1: Daniel (Robert), 0-2: Daniel (Erik)

Bergen Sør: Christian, Erik, Sebastian, Jørgen, Ørjan, Ulrik, Daniel, Trygve, Robert, Trygve, Øyvind, Robin

Blått i sør!
Copyright © 2005 Bergen Sør FK