Meny: Hjem - Historie - Spillere - Kamper - Nyhetsarkiv - Forum - Bilder - Kontakt Oss - Gjestebok - Logg inn

Sponsing
Dato: 2015-02-08
Forfatter: Ørjan Madsen
Nyhet: For at vår kjære fotballklubb skal overleve i framtida må det setjast i verk tiltak som styrkar økonomien.

På årsmøtet hausten 2007 vart eg så heldig å bli delegert ansvaret over å skaffa sponsorar til klubben. Det skal seiast at eg då stillte krav om at eg måtte få hjelp frå styret og heile laget. Eg skal vera den første til å innrømma at eg ikkje har vore ekstremt aktiv i leitinga etter sponsor, men eg har ikkje høyrt et fnugg av forslag frå ein sjel i klubben. Vil me ikkje ha pengane?

Eg foreslår derfor at folk tar seg sjølv i nakken (meg sjølv inkludert) og intensiverar jakta på sponsorar og eventuelt dugnadsarbeid etc. Det som er viktig er at det kjem pengar i kassen!

I dag var eg så heldig å snuble over denne fantastiske moglegheiten frå BOB som "slår på stortrommen";

"I 2008 slår BOB på stortrommen. Vi har satt av et betydelig beløp til draktsponsing for hånd- og fotballag i BOBs kjerneområder. I første rekke er det lag i Åsane og Fyllingsdalen som kan nyte godt av sponsormidlene"

Nå er jo vi så heldige at Bergen Sør FK er lokalt forankra på Bønes i Fyllingsdalen bydel. Eg har derfor tatt meg den frihet og sendt inn ein søknad om draktsett, med tanke på at det er første mann til mølla og saken blei publisert i dag, har eg store forhåpningar om at dette kan gå i boks.

Eit draksett vil nok diverre ikkje redde klubben frå undergrunnen, me treng framleis ein hovedsponsor. Så eg håpar derfor at dåke er villige til å blø for klubben og gjera ein innsats som gjer klingande mynt i kassen.

Dersom dette ikkje skjer er det uvisst kva som skjer med klubben, det er ikkje sikkert at det er "hope in a hanging snore" (sitat Nils Arne Eggen, tidl. trenar for RBK) ein gang!
Copyright © 2005 Bergen Sør FK